Vinnar  Even Offerdal Bakken vann to klasser på Oppdal.
            (Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)

Vinnar Even Offerdal Bakken vann to klasser på Oppdal.Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz

Dobbeltsiger for Even

Landsfestivalen i gamaldansmusikk er i gang, med strålande resultat for unge ottadølar.

Even Offerdal Bakken frå Lom spel- og dansarlag tok like godt sigeren i både 'durspel junior' og 'andre instrument junior' da Landsfestivalen på Oppdal opna torsdag. Den unge trekkspelaren vann også på heimebane i Lom for to år sidan.

Espen Barlund Nicolaisen kom på andre plass i 'andre instrument', medan bror Stian tok fjerdeplassen i 'durspel junior'. Skjåkguten Filip de Presno kom på femte plass i denne klassa.

Fredag kveld er det finalar i dei same klassene for seniorar. Her er det òg ottadølar som kan gjera det gjevt; Mads Erik Odde er i finalen i 'andre instrument', medan Øyvind Sandum og Øistein Nicolaisen skal kjempe med to andre om sigeren i 'durspel'.

Ein god nummer to Espen Barlund Nicolaisen vart nummer to i klassa si.
            (Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)

Ein god nummer to Espen Barlund Nicolaisen vart nummer to i klassa si.Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: