– Tunnelane på denne fjellovergangen på Rv15 er som kjent ganske smale, og med så mykje trafikk som det er nå, har vi som eit førebyggjande trafikktryggleikstiltak valt å dirigere trafikken slik at tunge køyrety ikkje skal kunne møtast inne i tunnelane, seier prosjektleiar for driftseksjonen i Statens vegvesen i Oppland, Mizanur Rahaman, til Fjuken.

Dirigering av tyngre køyrety starta måndag denne veka, og blir truleg utført ut neste veke.

– Vi skal ha ei endeleg vurdering på dette i slutten av inneverande veke, men det er såpass mykje trafikk på vegen at eg reknar med at vi også vil utføre einvegstrafikk for tunge køyrety gjennom tunnelane også heile neste veke, seier Rahaman.

Den manuelle dirigeringa av tyngre køyrety gjeld kvar dag mellom klokka 12.00 og 19.00 i alle tunnelane på fjellovergangen, og prosjektleiaren i Statens vegvesen fortel at dirigeringa i utgangspunktet ikkje gjeld for personbilar, men at det kan få følgjer også for desse, om dei står bak tyngre køyrety.

– Eg ber alle trafikantar om å forhalde seg til dirigentane som står ved tunnelane, seier Mizanur Rahaman.