Etter å ha vore gjennom tøffe to og eit halvt år med behandling for akutt lymfatisk leukemi, vart Eirik i midten av juli erklært frisk. Før denne endelege gladmeldinga hadde Eirik bestemt seg for å samle inn pengar til barneavdelinga på sjukehuset på Lillehammer.

I går måndag kunne ein stolt og glad gut overlevere ein sjekk på 51.586 kroner til avdelinga.

Også foreldra til Eirik er stolte over det han har gjort.

– Dette er rett og slett knall, seier pappa Dag Nyøygard. Nå skal Eirik, i samråd med ein aktivitør på sjukehuset, pønske ut kva som skal kjøpast inn for pengane, fortel han.

Eirik skal framleis fylgjast opp i fleire år, for å sjå til at den skumle sjukdomen held seg unna.