Saman med reiselivet og busselskapa har Opplandstrafikk, samla rutetilbodet i desse to regionane i ei eiga brosjyre, «Fjellruter - Gudbrandsdalen og Valdres».

Det er lagt vekt på best mogleg korrespondanse mellom bussar, og når det er mogleg, til og frå tog på Otta.

Fleire av rutene går til og med sundag 17. september 2017.

I brosjyren har ein oversikt over dei fleste av buss- og bestillingsruter som køyrer til fjellheimen i Valdres og Gudbrandsdalen.

Du kan laste ned brosjyren for fjellruter her.

For dei som skal til fjells i Jotunheimen og Breheimen, finn ein ruter til Gjendesheim, Juvasshytta, Sota seter og Spiterstulen.

Valdresekspressen køyrer også tur retur Oslo – Gjendesheim – Lom – Leirvassbu.

Ein finn også rutetider for fjellbåtane på Gjende og Bygdin i brosjyren.