I sommar tok Gjendebåten AS i bruk ny båt på Gjende. Tilstrøyminga av folk som skal gå Besseggen, fører til travle dagar for mannskapa på «Gjendine» og «Kåre Johan».

Ny rekordI fjor transporterte Gjendebåte 61.000 passasjerar. Måndag denne veka hadde båtane så langt i år frakta 18.387 personar over Gjende. Skipper og båteigar Harald Rune Øvstedal fortel at dette er tre tusen fleire enn i fjor på same tidspunkt. – Dette lovar godt. Kanskje blir det ny rekord, seier Øvstedal. Han gjev nybåten noko av æra for trafikkauken, samstundes som at trenden med å gå i fjellet og Besseggen, stadig er like populært blant både nordmenn og utlendingar. Nytt av året er også innføring av booking på båtane.

Mindre stress– Det har vore ein suksess, og ein ny kvardag både for oss og for turistane. Nå slepp turistane stå i timevis ved brygga å vente for å bli med båten innover, seier Øvstedal. Han fortel at tidlegare kunne folk stå i kø i 2,5 til 3 timer for å koma med båten. I dag er det nesten ikkje kø i det heile.– Folk blir rolegare når dei veit dei har billett, seier han. Og akkurat dette stadfestar også turistvert Bjørn Ekerbakke på Bessheim turisthytte. – Gjestane våre kan ta seg tid til ein betre frukost. Dei slepp å stresse når dei har billett til båten. Dette er positivt for alle turistbedriftene i Sjodalen, seier Ekerbakke.

Meir administrasjonHarald Rune Øvstedal fortel at bookingsystemet gjer at dei får jamnare trafikk, og at dei prøver å styre talet på turar. – Flesteparten av båtbillettane blir kjøpt dagen føreåt, når folk ser vêrmeldinga. Når det er finvêr er båtane fullbooka, seier Øvstedal. Han fortel folk kjem og tek turen den dagen dei har kjøpt billett, men at enkelte prøver seg med å bytte billett når vêret ikkje blir slik dei hadde tenkt. – Billettsystemet har ført til meir administrasjon på data enn eg hadde rekna med, seier Øvstedal med eit smil. Men han vil ikkje gå attende til gammelmåten med lange køar av folk på brygga.