Det er gjennom ein sommarserie i samarbeid med næringsorganisasjonen HANEN at Landbruks- og matdepartementet trekkjer fram dei to turiststadene som eksempel på lokal næringsutvikling og verdiskaping som er viktig for bygdene og for regionen som eit attraktivt reisemål.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale påpeikar at denne type utviklingsarbeid er avhengig av privat initiativ, satsingsvilje og kjennskap til marknaden.

Billingen Seterpensjonat i Skjåk opna dørene sommaren 2015 og tilbyr overnatting, kafédrift og middagsservering. Maten som blir servert blir produsert på eigen gard, og av andre produsentar i Gudbrandsdalsmat. Billingen Seterpensjonat er elles eit flott utgangspunkt for turar i nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen.

Les kva Landbruks- og matdepartementet skriv om Billingen Seterpensjonat

Tradisjonen tru tek Hans og Ola Brimi med seg dyra til Brimi Sæter ved Tesse kvar sommar. Seterdrifta her er ein viktig del av den norske kulturarven, og Brimi Sæter har vore i tradisjonell drift så lenge folk kan hugse.

Les kva Landbruks- og matdepartementet skriv om Brimi Sæter