Leiteaksjon Ein mann er sakna på Sognefjellet. Nå ventar ein på at veret skal bli betre, slik at Luftambulansen kan delta i søket. (Foto: Arkiv)

Leiteaksjon Ein mann er sakna på Sognefjellet. Nå ventar ein på at veret skal bli betre, slik at Luftambulansen kan delta i søket. Foto: Arkiv

Leiteaksjon på Sognefjellet

Ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, er meldt sakna. Mannskap frå røde kors hjelpekorps deltek i leitaksjonen.

Operasjonssentralen fekk klokka 22.52 sundag kveld, melding om at ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, ikkje kom fram som avtala og vart meldt sakna.

Nørstedalseter er eit knutepunkt mellom Jotunheimen og Breheimen. Ruta frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta er 21 kilometer lang og er merka sommarrute. Turen er rekna til åtte timar.

Operasjonsleiar Arne Norevik i Innlandet politidistrikt, fortel at det i natt har vore sludd og hagl i fjellområdet.

– Nå ventar vi på at skydekket skal lette, slik at Luftambulansen kan delta i søket, seier Norevik.

Han fortel at mannskap frå friviljuge organisasjonar frå både sogn-sida og Gudbrandsdalen,  deltek i søket etter mannen.

Mannen som er sakna er 68 år, har på seg svarte klede, og har ein svart sekk med grønt trekk.

Politiet ynsker tips på telefon 02800.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Ta bussen til fjells

I sommar kan ein ta bussen til fjells i Gudbrandsdalen og Valdres.

Skårar høgt i NAF-test

Skeid Kro i Skjåk og Bakeriet i Lom får skryt av NAF.

Billettsystem på Gjendebåten

Ny båt og booking gjev nytt rekordår

Gjendebåten ligg an til ein ny rekordsesong. Ny båt og billettsystem har noko av æra. 

Taus lokalradio i Skjåk

Ottadalsradioen slit med signal i Lom og Skjåk.

Får ros av landbruks- og matministeren

Landbruks- og matdepartementet rosar utviklinga på Billingen Seterpensjonat og Brimi Sæter.

Promillekøyring i Lom

Ein danske hadde tatt seg «en lille en» og vart stoppa av politiet i Lom sentrum.

Funne i god behald

Mannen som har vore sakna på Sognefjellet, er funne i god behald av leitemannskapa.

Leiteaksjon på Sognefjellet

Ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, er meldt sakna. Mannskap frå røde kors hjelpekorps deltek i leitaksjonen.

20. plass i NM i motbakkeløp

Vegard Galaaen frå Bøverdalen stilte laurdag i sitt fyrste NM i motbakkeløp. Av 192 startande kom han på 20. plass.

Solid innsats i Valdresrittet

Tormod Weydahl frå Ottadalen sykkelklubb vann klasse junior elite i Valdresrittet laurdag.

Vann NM på heimebane

Olav Opsanger  vann sin sjuande NM-tittel i hanggliding som vart avslutta i Vågå laurdag.