Operasjonssentralen fekk klokka 22.52 sundag kveld, melding om at ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, ikkje kom fram som avtala og vart meldt sakna.

Nørstedalseter er eit knutepunkt mellom Jotunheimen og Breheimen. Ruta frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta er 21 kilometer lang og er merka sommarrute. Turen er rekna til åtte timar.

Operasjonsleiar Arne Norevik i Innlandet politidistrikt, fortel at det i natt har vore sludd og hagl i fjellområdet.

– Nå ventar vi på at skydekket skal lette, slik at Luftambulansen kan delta i søket, seier Norevik.

Han fortel at mannskap frå friviljuge organisasjonar frå både sogn-sida og Gudbrandsdalen,  deltek i søket etter mannen.

Mannen som er sakna er 68 år, har på seg svarte klede, og har ein svart sekk med grønt trekk.

Politiet ynsker tips på telefon 02800.