Klokka 13.57 melder politiet i Innlandet at den 68 år gamle mannen som sundag kveld vart meldt sakna, er funne i god behald.

Operasjonssentralen fekk klokka 22.52 sundag kveld, melding om at ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, ikkje kom fram som avtala og vart meldt sakna.

Ruta frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta er 21 kilometer lang og er merka sommarrute. Turen er rekna til åtte timar.

Operasjonsleiar Arne Norevik i Innlandet politidistrikt, fortalde måndag morgon at det  natt til måndag var sludd og hagl i fjellområdet.

Dårleg vêr i området gjorde at ein ikkje kunne setje inn helikopter inn i søket etter mannen.

Cirka 50 personar har delte i leiteaksjonen, som fekk eit lukkeleg utfall.