Det var bra innsats av Tormod Weydahl frå Ottadalen sykkelklubb i det 53 kilometer lange Valdresrittet laurdag.

Weydahl vann klasse junior elite med tida 1.46,18. Denne tida sikra den unge vagværen ein sjuandeplass totalt.

Han var berre 1,21 bak vinnaren av sykkelrittet, med seks elitesyklistar framfor seg.

Valdresrittet går i eit variert terreng i eitt av landets mest aktive stølsområde med start og mål på Vaset.