Årets NM i motbakkeløp gjekk i Ulvik i Hardanger. Løypa på «Kvasshovden opp» som er namnet på løpet, er 7,5 kilometer lang og har ei stigning på 1.030 høgdemeter. Underlaget er variert med stig, grusveg og asfalt.

– Løpet er både langt og hardt, seier Vegard Galaaen.

Bøverdølen fortel at han har hatt ei positiv formutvikling sidan «Flækøyhøe Upp» og fram til NM.

– Etter diverse skadar i vår er eg nøgd med NM, seier Galaaen.

Han vart nummer 11 i klassa M-23-34. Her var det 39 deltakarar. Av totalt 192 startande han nummer 20, alle klassene sett under eitt. vere nøgd med.

– Eg er godt tilfreds med å vere blant dei 20 beste motbakkeløparane i Noreg, seier han.

Galaaen tykkjer det var artig å konkurrere mot blant andre Stian Angermund-Vik (europameister,  norgesmeister og verdsmester i Vertikal run),  Johan Bugge (EM og Noregsmeister) og Kristen Skjeldal (tidligare langrennsløpar). Det var Johan Bugge som vann «Kvasshovden opp» og vart noregsmeister.

– NM-deltaking gav meirsmak. Eg kjem til å bli med i NM neste år også, seier Vegard Galaaen.

Til hausten blir det deltaking  »Skåla opp» i Loen med over 1.800 høgdemeter.