Laurdag føremiddag tok dølafekviga Brandros på Brimi nordre i Vårdalen seg ein tur i møkkakjellaren utan å tenkje over at der kunne ho lett bli ståande fast.

Hans Brimi fortel at møkkakjellaren nyleg var tømt, så det var berre det i botnen som låg att.

- Vi hadde ikkje så mykje å hjelpe oss med, og kalla på brannvesenet som stilte opp på kort varsle, seier Brimi.

Mannskap frå Lom og Skjåk brannvesen la ut plater innover i møkkakjellaren som kviga skulle gå på ut att.

Brannmann Terje Mork var den som gjekk fyrst av brannmannskapa innover møkkakjellaren. Han fekk snudd kviga, som raskt kom seg ut i det fri.

Etter turen i møkkakjellaren måtte brannmannen ta av seg den møkkete kjeledressen.

– Ein må ofre seg somme gonger, humrar Terje Mork.

Dette var fyrste oppdraget hans med å berge dyr frå ein møkkakjellar.

Denne gongen gjekk det bra med kviga. Og etter ein vask er kjeledressen til brannmannen like god.