Ulykka på riksveg 15, skjedde ein kilometer vest for Billingen ved 03-tida natt til torsdag.

Semitraileren var på veg vestover og køyrde av vegen på venstre side. Det var ingen vitner til hendinga.

Sjåføren omkom i ulykka.

Ei ung jente som var passasjer, vart floge med Luftambulansen til Førde. Politiet i Innlandet politidistrikt meldte fyrst at jenta var kritisk skadd, men ny melding viser at ho ikkje har alvorlege skadar.