– I så tilfelle er det den eldste, bevarte robåten i Noreg. Som regel vart båtane nedgravne eller søkkt, fortel Torveig Dahl, direktør i Gudbrandsdalsmusea.

Nå vil dei få svar. Gudbrandsdalsmusea har nemleg, etter initiativ frå Jon Bojer Godal, søkt Riksantikvaren om tilskot for å kunne tidfeste ein av båtane som er lagra i Ullinsvin. Søknaden er innvilga. Det er NTNU som skal undersøkje båten, gjera ei årringsanalyse.

– Det blir enormt spennande. Eg ser fram til å få resultatet av undersøkinga, og må seia eg er svært glad for samarbeidet med Jon Bojer Godal. Han er den fremste båtkjennaren i landet og har arbeidd mykje med materialbruk og teknikkar når det gjeld bygging av båtar, seier Torveig Dahl.

Gudbrandsdalsmusea har fleire båtar i samlinga si. Vågå historielag har vore spesielt flinke til å ta vare på dei gamle båtane, og dei har samla mykje dokumentasjon om kvar enkelt båt.

Den aktuelle robåten er godt bevart. Etter lokal tradisjon skal han vera bygd av Bersvein Båtbyggjar som budde i Nyrnes siste halvdel av 1600-talet. Han døydde før 1730. Båten kan såleis vera frå 1600-talet. I følgje Gudbrandsdsdalsmusea kan Bersvein Båtbyggjar vera far til den kjende treskjeraren Jakop Klukkstad.

– Å få tidfesta båten vil kaste nytt ljos over gamle båttradisjonar i regionen, men truleg vil det ta nokre månader før resultatet er klart, seier Dahl.