Vågå konsertserie er ein konsertorganisasjon etablert av Dag og Ingunn Lindvik på Gammel-Kleppe og Mette og Vegar Vårdal i Kultivator AS. I sommar byr dei på ein rikhaldig konsertmeny.

Måndag kveld stod på den norsk-amerikanske duoen Haleys Comet og 5Åver frå Lalm på trappa til hovudhuset på garden.

Finvêr og ekstra mykje folk gjorde at konserten vart flytta frå inne og ut.

Her på tunet fekk 130 tilhøyrarar oppleve musikk som svinga og som utfordra taktfoten.

Eit redusert 5Åver opna konserten. Ein av medlemmane var på klatring i Lofoten, ein annan hadde velta på sykkel og skada seg. Gruppa frå Lalm som har spela og songe seg inn i alle sine hjarta, skuffa heller ikkje denne kvelden.

At ein gløymer teksta, var berre sjarmerande. Dei fire i bandet gav alt, og fekk stemninga opp i taket med «Grevling i taket» der publikum song med for full hals.

Grevlingen var populær på Gammel-Kleppe denne kvelden. Meade Richter og Magnus Soltvedt Wiik i Haleys Comet song om den amerikanske grevlingen; «groundhog».

Denne norsk-amerikanske duoen spelar fele og banjo og tok nesten pusten av publikum der fingrane sprang sprint over strengane.

Kvelden vart avslutta med båe gruppene på skifertrappa. Også Vegar Vårdal, konsertarrangør og spelemann, kasta seg med. Den mannen meistrar alle sjangrar ser det ut til.

Med låten «Man of constant sorrow» vart det ei flott avslutning på ein sommarkonsert som på tampen byrja å bli kjøleg for publikum. Men musikken varma langt inn i sjela.

Kvar måndag ut over sommaren kan publikum vente seg fleire slike musikkopplevingar på Gammel-Kleppe.

Måndag 17. juli er det familiekonsert med Bakke-gjengen, 24. juli er det Vågås beste runddans, 31. juli kjem trekkspelvirtuos Håvard Svendsrud, 7. august er det klarinettist og multikunstnar Georg Reiss.