Det eine brukaret på Tronoddbrua i Lom er tagga, det vil seia spraymåla. Fargane er sterke, og tagginga er synleg på lang avstand.

Fjuken fekk melding om saka frå ein tipsar i Prestegardsskogen, minst halvanna kilometer unna, som ser tagginga derifrå.

– Ikkje akkurat pent, meiner tipsaren.

Det vil truleg vera ulike meiningar om tagginga som nå er utført i nasjonalparklandsbyen Lom er vakker eller ikkje, men sikkert er det at det er ulovleg å tagge. Det vil seia: Så sant den eller dei som har gjort det ikkje har fått løyve frå eigaren av brua.

– Tagging utan tillating er ulovleg, melder operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt.

Han fortel at ulovleg tagging blir bøtelagt. Storleiken på bøtene kjem an på omfanget av tagginga og om den eller dei som står bak har vore tekne for liknande før.