Han kasta seg ut i det som fyrstemann, Rolf Vegard Sandviken. Han har investert 2,2 millionar kroner i tårnet.

– Jælma artig. Eg hadde sommarfuglar i magen før eg kasta meg utfor, men samstundes kjende eg meg trygg, fortalde Rolf Vegard da han var vel nede på bakkenivå att.

Det er firmaet Høyt og Lavt AS som har sett opp tårnet. Byggjeleiar Hans-Christian Wilson fortel at tårnet i Lom er det fyrste i verda som er bygd i massivtre.

– Om tårnet er det største i verda veit eg ikkje, men det er iallfall det største i massivtre, fortalde han.

Det er Aktiv i Lom AS som skal drifte tårnet. Dagleg leiar Jan Slålien fortel at absolutt kan alle prøve seg, så sant dei er over 20 kilo og under 120 kilo.

Rolf Vegard Sandviken slår fast at tårnet ikkje er ein «ekstremsportvariant», men rett og slett leik og moro for små og store.

– Det som er fint med tårnet, er at ein kan prøve seg på fleire ulike aktivitetar. Det ligg til rette for å utvikle tårnet, få fleire aktivitetar på to veggar til. Men nå ser vi det an, ser korleis dette vil gå.

Han har tru på at tårnet skal få fleire turistar til å stoppe i Lom – og bli verande ein dag eller to ekstra.

– Eg trur det skal bli tulle artig, og eg er sikker på at tårnet vil bety mykje for Lom.

Etter at sjefen sjølv hadde klatra og «hoppa frå seg», tok ungane over.

At klatretårnet fall i smak er det ingen tvil om.