Skjåkutstillinga i Galleri Mathilde i Bismo vart opna laurdag, for 20. år på rad. Det var stappfullt med folk, truleg fleire enn nokon gong.

Det er i alt 14 utstillarar som bidreg i årets Skjåkutstilling. Blant dei er systrene Anne Sperstad Jacobsen og Ida Sperstad, som vart gjort ekstra ære på under opninga. Dei to har nemleg vore med kvart einaste år sidan Mathilde Skamsar inviterte til den fyrste Skjåkutstillinga i 1997.

– Og vi har gledd oss kvar einaste gong. Å vera med på Skjåkutstillinga er ei ære. Det er alltid mykje folk og stor interesse, og vi kombinerer det heile med familietreff. Det kan ikkje bli betre, slo Anne og Ida fast.

Under opninga tok dei litt regi for å gjera ære på heilt andre enn seg sjølve: Dei ville ære Mathilde Skamsar. Det gjorde dei på ein humoristisk og kreativ måte, til stor applaus frå publikum.

Fyrst fekk Mathilde kunstnarhatt, eit forkle og eit bilde ho fekk beskjed om å måle ferdig til neste år, det vil seia til neste utstilling.

– Midt i Norge og midt i verda ligg det eit gamalt hus. Huset er fullt av kunstverk, og bak disken står det eit parlaust fint kvinnfolk. Det er Mathilde, innleidde systrene Sperstad.

Dei uttrykte glede over å bli invitert til Skjåkutstillinga kvart år, og fortalde om eit utal turar opp og ned trappa med ulike kunstverk.

– Vi har observert Mathilde, som har irritert seg over bilde med manglande oppheng, som har spikra og ordna og stått på for å få dette i orden kvart einaste år. I dag fortener du å bli æra og takka for lang og tru teneste, sa kunstnarsystrene, som overrekte originale gåver til Mathilde: Ein pensel og ei flaske med Absint.

– Alle store kunstnarar har i seg Absint. Det er berre 60 prosent, altså, sa dei.

Publikum skratta godt.

Magnhild Bruheim og ordførar Elias Sperstad hadde òg mykje godt å seia om eldsjela Mathilde Skamsar – og om utstillinga.

– Kvifor er Skjåkutstillinga så viktig? For det fyrste: Det er ei ære for Skjåk å ha eiga utstilling med lokale kunstverk. Utstillinga gjer det mogleg for lokale kunstnarar å både syne fram og selja det dei lagar. Og så er det oss andre... For ei gåve det det er å gå rundt og sjå, tenkje litt, drøyme litt. Mathilde har vore svært flink til å fornye utstillinga, samstundes som ho har halde på tradisjonen. Sei til alle andre at det er verdt å sjå Skjåkutstillinga i år òg! oppmoda Magnhild Bruheim, som uttrykte håp om fleire utstillingar i åra framover.

Ordførar Elias Sperstad slo fast at den årlege utstillinga er viktig for Skjåk.

– Rett og slett god omdømebygging, sa han.

Desse er med i årets utstilling: Ida Sperstad, Bodil Daae, Solveig Hopland, Oddbjørn Ramstad, Anne Sperstad Jacobsen, Silje Sperstad, Idunn Brosset, Ingolf Hagen, Randi Venke Flækøy, Anna Grande Melhus, Kari Utgaard, Haldis Ofigsbø, Marit Grande Haugen og Sara Gloslie Basmoen.