Ho takla møtet med glans. Trass i at møtet periodevis kanskje kunne seiast å vera ganske så kjedeleg, heldt den unge politikaren ut utan å skrike, forlange pause eller lage anna form for dramatikk.

Vilje var eit friskt innslag i kommunestyresalen. Ho gjorde truleg det somme andre kan ha lyst til ein gong i blant? Blant anna drog ho eit par politikarar i øyret, og når det vart ekstra kjedelege debattinnlegg krabba ho under bordet og fekk tida til å gå på det viset...