Det er ikkje fordi verksemda går dårleg, opplyser eigarane.

– Ein kan heller seia tvert om. Trafikken er stor og blir større og større. Tida strekk ikkje til. Både Erik og eg har jobbar ved sida av, det er mange ting å passe på og beklagelegvis blir vi berre eldre og eldre og ikkje omvendt, smiler Unni Merete Lund, som eig og driv Kuba kafè og isbar saman med ektemannen Erik Lund.

Ho fortel at ungane har andre interesser enn å vera turistvertar i Lom.

– Og dei har andre jobbar. Dei må få leva sine liv, så da tykkjer Erik og eg det er greitt å lufte eit eventuelt sal av Kuba. Det kan jo hende det er folk som er interesserte i å ta over. I så tilfelle er det berre å ta seg ein tur for å sjå på trafikken, prate med oss, ta ei vurdering på om det kan vera interessant eller ikkje. Vi er opne for å gje oss etter denne sommarsesongen, dersom det vil seg slik.

Kuba kafè og isbar har ope berre i sommarsesongen, men Unni Merete Lund meiner det er mogleg å drive heile året, eller i alle fall utvide sesongen.