37 politikontaktar er nå klare til innsats i kommunane i Oppland og Hedmark, i Innlandet politidistrikt.

Politikontakten skal vera eit fast kontaktpunkt mellom politiet, kommunen, næringsliv, friviljuge organisasjonar og andre lokale aktørar. Ordninga er ein del av den nye politireforma.

Tor Trønnes blir politikontakt for Vågå, medan Jonny Gundersen blir politikontakt i kommunane Lom og Skjåk. Båe personane har lang erfaring i politiet.

– Vi i politiet har store forventningar til politikontaktordninga som eit framtidsretta samarbeid mellom politiet og kommunane, om eit tenestetilbod som er meir skreddarsydd for dei behova den enkelte kommunen har, seier politimeister Johan Brekke i ei pressemelding.

Å sørgje for oppfylgjing av kriminalitetsførebyggjande strategi og politiet sin nærpolitirolle blir blant hovudoppgåvene til politikontaktane.

I fylgje Innlandet politidistrikt skal politikontakten vera uniformert og til stades i kommunen ein eller fleire dagar i veka, også i kommunar som ikkje har lensmannskontor eller politistasjon.

Politikontakten er eit supplement til politiets ordinære patruljeverksemd og øvrig aktivitet.