Ein mann frå Vågå hadde laurdag kveld sju rette i Lotto, og vann dermed toppremien i pengespelet.

Snart får mannen overført 8.029.915 til kontoen sin.

– Å herregud, kor mykje sa du at det var? var reaksjonen til Vågå-mannen da Norsk Tipping ringde for å fortelje den gode nyheita laurdag kveld.

– For ein beskjed å få. Sambuaren min trur det er noko gale som har skjedd nå. Dette er jo berre heilt vilt. Det tek nok litt tid før det går opp for meg, men eg skal nok få brukt pengane, sa den glade vinnaren.

Ein mann frå Ski i Akershus hadde også sju rette i Lotto laurdag kveld, og kan innkassere same beløp som vagværen.