Fjordingsmartnan starta fredag ettermiddag og held fram til og med sundag.

Fredag var det regnvêr meir eller mindre heile dagen, men martnassjef Ove Nestvold fortel at det likevel var ein del folk innom martnasområdet den fyrste dagen.

Laurdag var det strålande vêr, og fleire tusen personar tok turen til Fjordingsmartnan for å gjere ein handel hjå dei femtitals utstillarane, delta på dei ulike aktivitetane, og oppleve den gode stemninga.

Det var eit yrande liv på martnasområdet laurdag, og også sundag er det venta mykje folk.

Sjå bildekarusell øvst i saka.