Skjåk kyrkjelege fellesråd hadde alt klart; prest, musikarar, brudebukett, ringar, forlovarar... Men dei mangla det viktigaste; brudepar!

Det var i slutten av førre månad at sokneprest Kåre Gloslie og «bryllaupsplanleggjar» Sissel Lassemo i trusopplæringsnemnda gjekk ut i Fjuken og etterlyste brudepar til det dei kalla ein «drop in»-vigsel. Målet med stuntet var å skape skikkeleg blest om kyrkjeleg vigsel i bygda.

– Det er jo nok av par i Skjåk som ikkje er gifte, sa soknepresten i mai.

Da hadde han hatt berre éin vigsel i bygda så langt i år.

Det var rask respons etter at Fjuken kunne presentere Skjåk kyrkjelege fellesråd sine planar.

– Fredag morgon etter at saka stod på trykk i Fjuken, meldte det seg eit par til kyrkjekontoret, fortel kyrkjelydssekretær Kari Ørjasæter.

Nokre dagar seinare tok eit nytt par kontakt for å melde seg på «drop in»-vigselen.

Fyrstkomande fredag, på sankthanseftan skal det skje. Om kvelden blir det messe med bryllaup ved Bångråttjønn i Nordberg, der to brudepar deltek. Skjåk Songlag og Pål Svindland står for det musikalske.

Etter messa held kvelden fram med sankthansfeiring ved gapahuken ved Bångråttjønn. Her blir det både bål og varme grillar utover kvelden.

– Alle er velkomne til å delta, både på messa og feiringa, fredag kveld, seier Kari Ørjasæter.

Dette er fyrste gong det blir arrangert «drop in»-vigsel i Gudbrandsdalen.