Lensmann i Skjåk, Jonny Gundersen, fortel at det ein eller annan gong i tidsrommet torsdag 15. juni til sundag 18. juni har vore innbrot i to naust i Raudalen i Skjåk.

Det eine naustet tilhøyrer Skjåk Almenning og Bråtå Beitelag, som har felles naust som er åtskild.

– Fiskarar har lagra utstyr i fleire kasser, og her har det mellom anna vorte stole ein påhengsmotor, fortel Gundersen.

I tillegg til dette naustet har det også vore innbrot i eit anna naust i nærleiken.

Politiet er interessert i å kome i kontakt med personar som kan ha sett noko i det aktuelle tidsrommet, eller som har vore i området.

Ring 610 53 250 eller 02800.