Turisthytta ved Gjende og Norsk Fjellsenter i Lom tenkjer grønt når dei nå køyrer elektrisk.

Norsk Fjellsenter  har i fire år hatt elektrisk bil gjennom sommarsesongen.  I år har køyrer dei ein Nissan 7 seter.

– Vi bruker el-bilen kvar einaste dag opp og ned til Klimaparken. Målet vårt er å ikkje belaste vegen og miljøet med anna køyring enn med el-bil. Frå 20. juni til i slutten av august går den opp og ned til Juvasshytta kvar dag. Dei tilsette får ikkje dekt anna køyring så dei blir pressa i sterkare grad til å bruke el-bilen, seier dagleg Mai Bakken ved fjellsenteret.

På Gjendesheim er det fyrste året dei har ein slik bil.

– I vinter etablerte vi eit ladepunkt for el-bilar på hytta, og vi følte at det var riktig å følgje opp med ein bil utan utslepp, seier  Marius Haugaløkken på Gjendesheim turisthytte.

Gjendesheim fekk bilen, ein Nissan sjuseter, i starten av juni, og den har allereie kome godt i bruk.

– Vi må ofte transportere våre gjestar til nærmaste busshaldeplass / togstasjon. Det blir stadig fleire som vel offentleg kommunikasjon til fjells, og sidan det ikkje alltid er mogleg å koma seg heilt fram til oss, må vi ofte hjelpe gjestane våre med den siste etappen inn til turisthytta, seier Haugaløkken.

Han fortel at Gjendesheim også kjem til  bruke bilen for å transportere lokale grønsaker frå Vågåmo og opp til fjells.

Turisthytta tilbyr også aktivitetar på el-sykkel, og da tykkjer Haugaløkken at det også er fint å kunne tilby rein transport for gjestane sine.

Generasjoner av fjellvandrarar har lada batteria ved Gjende. Nå kan dei også lade elbilen på Gjendesheim.

På gjesteparkeringa til turisthytta er det installert lader for elbil med uttak for to ladarar.