– Draumen om å vere gründer er ein draum eg har hatt sidan eg var lita. Difor er dette ein stor dag, for i dag blir dette her ein realitet. Det er mykje arbeid  å starte restaurant og butikk, men når ein  ser  resultatet i dag , og  når ein veit kor gode naboar ein har og som har teke så godt i mot ein, så er det absolutt verdt det. Vi er keie, men vi er aller mest glade, sa Tina Brimi under opninga av Brimibua.

Tina Brimi som er dagleg leiar for Brimibue, har med seg Ingunn Lyngved, Trine Turtum og Dan Robin Leirvåg på laget.

– Eg vil rette ein stor takk til Borgny og Magnar Mundhjeld som har  gjort at vi kan realisere draumen vår. Velkomne til oss, sa Tina Brimi.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø trekte fram det gode samarbeidet blant bedriftene på Fossbergom, sjølv mellom konkurrerande bedrifter.

– Vi kan skilte med namn som Arne Brimi og Morten Schakenda. Saman med Galdhøpiggen og Jotunheimen er ikkje det nokor ulempe, sa Holø.

Bjarne Eiolf Holø takka alle som er med å utvikle på «Bergom», og retta ein særleg stor  takk til Magnar Mundhjeld som med nybygget har  bidrege til eit nytt spennande tilbod.

– Lom har eit fint sentrum, det kan vi takke Torbjørn Fjeldstad for. Det var vanskeleg for meg å tenkje annleis enn store utskot og store vindskier,  men arkitekten ville det annleis. Vi har fått eit moderne bygg  som glir inn bygningsmassen i Lom.  Bygget skapte  diskusjonar, kommentarane let  ikkje vente på seg  da fyrste utkast vart synt fram i Fjuken, sa huseigar Magnar Mundhjeld.

Mundhjeld tykte det var ekstra artig at arkitekten har teke utgangspunkt i Storstabburet da bygget vart teikna. Mange har da også kalla bygget for «nystabburet», eit namn Mundhjeld sette pris på.

Magnar Mundhjeld trekte fram prosjektleiar Steinar Løkken, arkitektane Anne Tågvold  og Arild Wåge i Nordplan.

– Nå er handverkarane ute og fire unge gründerar har teke plass inne. Dei fire skal drifte i Arne Brimi si ånd og filosofi, sa Mundhjeld før han overrekte den fyrste nøkkelen til Tina Brimi som teikn på at nå er det dei som regjerer her.

– Utan Borgny og Magnar Mundhjeld hadde ikkje dette bygget sett dagens ljos,  sa styreleiar Simen Bjørgen.

– Det hadde det heller ikkje utan Arne Brimi, la han til.

Bjørgen kalla Brimibu for Brimiland si fyrste ambassade.

Det er fenomenalt å få vere med å opne noko nytt som skal byggje gastronomien og trua på region vår vidare inn i framtida. Det er spennande. Det er artig å få vere mentor for desse fire som skal gjere dette fordi dei ynskjer vere eit bidrag til region vår, sa Arne Brimi.

Han takka også for velkomsten i Lom.

Velkomsten ein støtt får i Lom, hjå alle som driv med det same, den er fenomenal.   Der har mange mykje å lære av, sa Arne Brimi da han ynskte til lykke med dagen.

Stortingspresident  Olemic Thommessen fekk æra av å stå for den høgtidlege opninga.

– Denne Regionen ber med seg ein kultur som er ein viktig del av den norske nasjonsbygginga. Det er denne region sin arkitektur,  folkemusikk, folkedrakt,  treskkurd og natur. Det å  erobre naturen er også kultur, erobre naturen i vår tid  handlar om jordbruk og ikkje minst om turisme.

– Det å byggje vidare på ein levende  kultur og  tradisjon, det er ein nøkkel.   Norsk folkekultur,  er ikkje berre ein kultur som lever på museum, sa Thommessen.

Stortingspresidenten sa at dei fire unge gründerane  tek tak i dei lange linene i matkulturen og dei lokale  produkta. Thommesen rosa også utføringa av nybygget i tre, og sa at bygget fell godt inn i miljøet på Fossbergom.

– Vi møter unge menneske som ser inn i framtida, som skal byggje samfunnet dei er ein del av,  byggje si eiga bedrift, byggje ein identitet som er viktig for Lom, som er viktig for Gudbrandsdalen og som er viktig for Norge, sa stortingspresident Olemic Thommesen før han føretok den høgtidlege opninga med å løyse opp knuten på to tau som var bunde saman.

Etterpå vart alle som var til stades invitert inn for å  sjå, og på ein smakebit frå Brimibue.