– Vi synest det er eit positivt tiltak, men reagerer på målforma som er brukt på skiltet, skreiv Kari Hølmo Holen, leiar for Mållaget Ivar Kleiven, i klagen til Statens vegvesen på bruk av målform i skiltet «Del veien».

Det er blant anna sett opp skilt i Holungsøyom med oppfordring om at ein skal ta omsyn til syklistar når ein køyrer etter vegen.

– Vi gjer merksam på at saman med mange andre kommunar har Vågå kommune vedtak om nynorsk både som administrasjonsmål og i skulane, og er forundra over at vegvesenet ikkje følgjer mållova og sine eigne retningsliner. Vi gjer elles merksam på at det er lov å skrive veg både på nynorsk og bokmål, slik at det burde vere enkelt å få ordna nye skilt som kan nyttast alle stader, skreiv mållagsleiaren i brevet til  vegvesenet.

Og Statens vegvesen har svara.

– Statens vegvesen vil følgje opp bruk av nynorsk som målform på skilt langs fylkes og riksvegar i kommunar som nytter dette som hovudmål, skriv saksbehandlar Karin Kristiane Høistad i svaret.

Ho beklagar at dette ikkje er følgd opp i Vågå kommune. Nye skilt med rett målform «Del vegen» vil bli bestilt for oppsetjing.

– Eg tør ikkje lova at desse kjem opp i år, men frå og med neste år vil dei nye skilta vere på plass, skriv Høistad.