Trass i lite sur vind på Gjende tysdag ettermiddag, var det ein varm og rørande seremoni da nye Gjendebåten vart døypt.

Det var syster til dagens skipper Harald Rune Øvstedal, Elisabet Øvstedal, som fekk æra av å vere gudmor og døype nybåten som ber faren sitt namn; «Kåre Johan».

Kåre Johan Øvstedal (1944 -2016) var tredje generasjon skipper på Gjende. Denne dagen, den 13. juni, ville han fylt 73 år.

Den dagen Kåre Johan gjekk bort, fortalde Harald Rune namnet på nybåten til systera.

– Eg kunne ikkje vore meir samd, sa Elisabet og såg på broren.

– Pappa fortener å segle vidare på Gjende, sa ei bevega dotter før ho døypte båten.

Grethe Sjurgard leia seremonien på brygga ved Gjende.

– Det har vore bølgjedalar ved Gjende. Når det stod på som verst, var det ei dame som stod stødig som eit fjell, sa Sjurgard.

Ho såg på Synnøv Øvstedal.

– Ho stod som ei klippe for båt og heim og var slik sett ei trygg hamn for alle, sa Sjurgard.

Denne dagen ved Gjende vart ein flott minnedag over Kåre Johan Øvstedal. Samstundes ein stor dag for Gjendebåten som har investert 20 millionar kroner i ny båt for å frakte fjellturistar over fjellvatnet.

I år er det 111 år sidan fyrste Gjendebåten la frå kai. «Kåre Johan» er den sjette båten i rekkja.

Etter dåpen var det tur for gjestar innover Gjende til Gjendebu og attende.