Av Terje Lisødegård

Turngruppa i Skjåk idrettslag vart stiftet i 1985, og har sidan berre vakse. Dei unge turnarane trenar i Skjåkhallen to dagar i veka.

– Totalt har vi rundt 100 unge turnarar, medan heile idrettslaget har 200 aktive, fortel Ida Eiesar Storbråtå til Fjuken. Ho rosar dei mange unge turnarane, som stortrivst med sin idrett og aktivitet. Gruppa har også mange ivrige trenarar, som gler seg til kvar einaste økt i Skjåkhallen.

Fekk æresprisar

Den same Ida Eiesar Storbråtå mottok sundag sitt fortjente tiårsbevis som deltakar på Barnekretsstemnet. Det same gjorde klubbveninna Trine Plassen. Marion Hyrve fekk medalje for sitt sjuande stevne.

650 unge turnarar

Totalt var det 650 deltakarar frå 16 klubber i Oppland som deltok i konkurransar og oppvisningar i Trettenhallen, på idrettsplassen og på anna uteareal på Tretten.