Av Eirik Haugen

Dei to var Rita Laakso og Kai Gjessing frå Lillehammer. Dei ligg i bil eller lavo, og fortel at dei kom frå Sognefjellet. Der har dei gått på truger og har hatt det fantastisk med sol til klokka ti om kvelden.

Attende til Lom og Vågå kjem dei i august, og vil da ha med seg ein vikingbåt på 33 fot - med råsegl og 8 meters mast. Dei har sett etter korleis det vil bli å kome forbi Liabrua og andre hinder. Dei er spent på kor langt vest dei kan segle på Skim, før det blir for grunt.

Det er vel ei stund sidan at det har segla vikingebåtar i området.