Det var to søkjarar til stillinga som rektor ved Vågåmo skule.

Nina Ophaug er innstilt som nummer ein til stillinga som rektor. Ho er i dag konstituert rektor ved skulen.

Anita Hølmo Nestvold som i dag er rektor ved Loar skule i Lom, er innstilt som nummer to.

Båe søkjarane er frå Vågå.

Det er rådmann Jan Egil Fossmo som opplyser dette.