Nasjonalparkstyret for Jotunheimen har gjeve NRK Hedmark og Oppland dispensasjon for bruk av drone for filming av fottur over Besseggen minutt for minutt.

– Dette er ein idé,  men vi  veit ikkje om får det til reint teknisk enda, seier journalist Ivar Arne Nordrum.

Han fortel at NRK skal inn til Gjende og Besseggen i juni for å teste om det let seg gjere å filme og sende direkte frå Jotunheimen.

– Utgangspunktet er at vi skal sende fotturen over Besseggen som eit minutt for minutt konsept på nettet,  ikkje som tradisjonelt fjernsyn. Dersom testen går bra, vil vi satse på å sende Besseggen minutt for minutt laurdag 26. august, seier Nordrum.

NRK-journalisten seier at ein er avhengig av fint vêr for å filme Bessegg-turen. Difor har NRK Hedmark og Oppland fått dispensasjon for fleire aktuelle dagar i slutten av august og i byrjinga av september.

– Vi vil starte turen på brygga ved Gjendesheim, ta folk med på turen med Gjendebåten til Memurubu, og fotturen over Besseggen attende til Gjendesheim. Folk som følgjer sendinga på nettet får vere med meg og Terje Hong på ein heilt normal fjelltur, seier Ivar Arne Nordrum.

Han fortel at NRK ikkje vil gå ut å marknadsføre turen og sendinga før ei veke føreåt.

– Det er mykje som skal klaffe, ikkje minst vêret, seier Nordrum.