Under reiselivskongressen i Girona i Spania 18. mai vart 36 kandidatar frå fleire land tildelt diplom for universell utforming.

Av disse stakk Klimapark 2469 av med trofeet «Design for all foundationen award 2017» saman med fire andre kandidatar. «Innlandet universelt utformet 2025 - felles strategi for Hedmark og Oppland» vart lyfta fram som ein av tre «Special mention».

Dagleg leiar i Klimapark 2469, Mai Bakken, er svært glad for prisen.

– Dette var fantastisk . Dette er ei stadfesting av at vi tenkjer rett, seier ho.

Mai Bakken seier at ein med tilrettelegginga i klimaparken har fått til noko nytt med fokus på tilgjengelegheit.

– Den internasjonale merksemda vi har fått med denne prisen er svært gledelig og inspirerande seier, Bakken.

Ho fortel at eit universitet i Storbritannia har teke kontakt for å høyre korleis dei har  gjort det, særleg med tanke på permafrosten som er i området rundt Juvasshytta.

Også fylkesordfører Even Aleksander Hagen er stolt over det fylket får til.

- Eg er så stolt av Oppland. Vi har så mykje flott å by på. Det er ekstra stas når andre ser at vi legg godt til rette slik at alle skal få oppleve fylket vårt. Universell utforming handlar om respekt for medmenneske. Gjennom god tilrettelegging sørgjer vi for at alle er med og har dei same moglegheitene seier Hagen.