13 år gamle Mathias Rugsveen er eit uvanleg stort trekkspill-talent, og får fram dei mest utrulege tonar frå trekkspelet.

Fredag kveld var han ein av finalistane i Norske Talenter, der det norske folk til slutt stemte den unge trekkspelaren fram til ein tredjeplass.

Også dommarane var imponert.

– Du er ein fest å høyre på! sa Mia Gundersen.

– Mathias! Du er heilt rå, sa Suleman Malik.

Etternamnet røpar at Mathias Rugsveen har røter i Sjårdalen, der bestefaren var frå. Far til Mathias heiter Arild, og dei bur i Oslo.