Ope att over Sognefjellet

Fylkesvegen over Sognefjellet vart opna att fredag morgon.

Opna att Fv55 over Sognefjellet vart opna att fredag morgon etter rasfare.Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Fv55 over Sognefjellet er open att etter å ha vore stengt på grunn av rasfare.

Torsdag morgon vart vegen stengt på grunn av eit snøskred over vegen ved Krossbu. Vegen vart rydda, men Statens vegvesen bestemde å halde vegen stengt heile torsdag på grunn av fare for fleire ras.