«Mer enn gull» Desse seks tidlegare idrettsutøvarane budde på Valbjør Gard der programmet er spela inn. Anders Myrvold, Espen Bredesen, Ingrid Kristiansen, Stian Sivertzen, Liv Grete Skjelbreid og Susann Goksør Bjerkrheim. (Trykk på pila for fleire bilder) (Foto: Espen Solli/TV2)

«Mer enn gull» Desse seks tidlegare idrettsutøvarane budde på Valbjør Gard der programmet er spela inn. Anders Myrvold, Espen Bredesen, Ingrid Kristiansen, Stian Sivertzen, Liv Grete Skjelbreid og Susann Goksør Bjerkrheim. (Trykk på pila for fleire bilder) Foto: Espen Solli/TV2

Handballkamp Dei seks idrettsstjernene møtte Vågå sine handballjenter til kamp. Tidlegare landslagstrenar Sven Tore Jacobsen var trenar for Susann Goksør Bjerkrheim & Co. (Foto: Gunn Oddveig Berg)

Handballkamp Dei seks idrettsstjernene møtte Vågå sine handballjenter til kamp. Tidlegare landslagstrenar Sven Tore Jacobsen var trenar for Susann Goksør Bjerkrheim & Co. Foto: Gunn Oddveig Berg

1 / 2

«Mer enn gull» frå Ottadalen

Seks tidlegare idrettsutøvarar er klare for ein ny sesong av «Mer enn gull» frå Valbjør Gard i Vågå.

Måndag 22. mai er det premiere på serien «Mer enn gull» på TV2.

Gjennom seks fjernsynsprogram skal ein følgje dei profilerte idrettsutøvarane som har budd saman på Valbjør Gard.

Gjennom denne veka har utøvarane prøvd seg i kvarandre sine idrettar og gjennom eit utval bilder frå sine liv, delt nære og personlege historier, for til slutt å avsløre kva som for dei betyr meir enn gull. 

Kvar utøver har fått si eiga episode. Fyrst ut er Susann Goksør Bjerkrheim. I programmet får ein sjå den tidlegare landslagsspelaren i handball i kamp mot Vågå sine handballjenter saman med dei fem andre idrettsstjernene.

Dei andre utøvarane i fjernsynssserien er skihoppar Espen Bredesen,  Liv Grete Skjelbreid - skiskyting,  Stian Sivertzen - snøbrett, Anders Myrvold -  ishockey, og Ingrid Kristiansen – friidrett.

I løpet av serien vil deltakarane boltre seg i lokale arenaer. Handball i Vågåhallen, snøbrett på sommarskisenteret på Juvasshytta, ishockey på Proel stadion på Lalm, friidrett på Lalm stadion. For skiskyting og hopp måtte ein ut av Ottadalen.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Asfaltering på Sognefjellet

Denne veka startar arbeidet med å legge meir enn 27 kilometer ny asfalt på fylkesveg 55 mellom Fossbergom i Lom og fylkesgrensa til Sogn og Fjordane.

Kuba er til sals

Kuba kafè og isbar i Lom sentrum er til sals.

Ekte og ærleg «politikar»

Snart åtte månader gamle Vilje Stee Vole deltok i kommunestyremøtet i Lom sist veke.

Ottadalen har fått eigne politikontaktar

Som ein del av den nye politireforma skal kvar enkelt kommune ha sin eigen politikontakt.

Lotto-millionær i Vågå

– Å herregud, kor mykje sa du at det var?

Eit yrande folkeliv:

Bildeglimt frå Fjordingsmartnan

Fleire tusen personar har besøkt martnan i Lom.

Vekas jubilant

«Vekas jubilant» er ei jente som har fylt 11 år.

Gode resultat i Lomseggen Upp

Motbakkeløpet Lomseggen Upp vart arrangert laurdag.

Gudbrandsdalens fyrste «drop in»-vigsel:

Historiske brudepar

Eitt par frå Vågå og eitt par frå Skjåk gjekk frå å vera kjærastepar til å bli ektepar under «drop in»-vigselen i Skjåk sankthanseftan.

Sommaropning i fjellet

Bli med på sankthansfeiring med fjellquiz på Sota Sæter, eller stigsykling frå Gjendesheim.

Fredag ettermiddag brakar det laus:

Klart for martna

Martnassjef Ove Nestvold lovar ei innhaldsrik helg under Fjordingsmartnan i Lom.

Lars får fotballtur

I fjor vart klassa Årets Ottadøl, nå gjev dei bort delar av prisen...

Fjuken:

Distribusjonstrøbbel

Fjuken med sommarmagasinet går ikkje ut i Skjåk torsdag.