Måndag 22. mai er det premiere på serien «Mer enn gull» på TV2.

Gjennom seks fjernsynsprogram skal ein følgje dei profilerte idrettsutøvarane som har budd saman på Valbjør Gard.

Gjennom denne veka har utøvarane prøvd seg i kvarandre sine idrettar og gjennom eit utval bilder frå sine liv, delt nære og personlege historier, for til slutt å avsløre kva som for dei betyr meir enn gull.

Kvar utøver har fått si eiga episode. Fyrst ut er Susann Goksør Bjerkrheim. I programmet får ein sjå den tidlegare landslagsspelaren i handball i kamp mot Vågå sine handballjenter saman med dei fem andre idrettsstjernene.

Dei andre utøvarane i fjernsynssserien er skihoppar Espen Bredesen,  Liv Grete Skjelbreid - skiskyting,  Stian Sivertzen - snøbrett, Anders Myrvold -  ishockey, og Ingrid Kristiansen – friidrett.

I løpet av serien vil deltakarane boltre seg i lokale arenaer. Handball i Vågåhallen, snøbrett på sommarskisenteret på Juvasshytta, ishockey på Proel stadion på Lalm, friidrett på Lalm stadion. For skiskyting og hopp måtte ein ut av Ottadalen.