Han skriv òg at bondelaget vart truga med å bli politimeldt dersom dei gjekk inn og hadde klistremerke på matvarer utan godkjenning frå høgare hald.

Lom bondelag besøkjer fleire matbutikkar i Lom torsdag, for å gjera folk merksame på kva matvarer som har råvarer frå norske bønder.

Facebook-innlegget har fått stor merksemd på stutt tid, og det er ulike meiningar i kommentarfeltet. Somme sympatiserer med bondelaget, andre er kritiske til framgangsmåten til Lom bondelag.

Butikksjef Daniel Tangen seier han er overraska over det som er lagt ut på Facebook. Han fortel til Fjuken at han ikkje ville nekta Lom bondelag inn i butikken for å ha stand eller dele ut brosjyrer.

– Men det blir noko heilt anna ha klistrelappar på produkt. Da vil viktig informasjon bli borte, under klistrelappen, til dømes informasjon om allergener og slike ting. Det kan skade folk, og det kan eg sjølvsagt ikkje ta sjansen på. Eg sa til Lom bondelag at eg likevel ville undersøkje saka med mine overordna, og at dei kunne koma att om ein time, til eg fekk endeleg svar. Det var dei ikkje interesserte i, og så kjem i staden dette på Facebook. Det er skuffande, seier Tangen, som understrekar at han er svært positiv til å selja norskprodusert mat.