Tysdag slo Sparebankstiftelsen DNB på stortromma og delte ut 2,3 millionar kroner til prosjekt i Nord-Gudbrandsdalen.

Vågå skulekorps var eitt av dei mange prosjekta som fekk tilskot.

Skulekorpset er relativt nystarta, etter at korpset har liggje ned i mange år.

Tom Helge Hølmo og Hanne Rugsveen Sveen fortel at korpset tel 22 medlemar og at dei driv med lånte instrument.

– Vi driv med vaksne instrument, og desse blir for store for ungane i korpset, seier Hølmo.

Han fortel at dei allereie har bestilt junior-trombone.

– Denne pengegåva kjem godt med. Nå kan vi kjøpe fleire instrument, seier Hanne Rugsveen Sveen.

Pengegåva kjem for seint til at skulekorpset får nye instrument til nasjonaldagen i morgon. Men neste år… da vil fleire blanke og nye instrument gje lyd frå seg.

Under utdelinga varsla Tom Helge Hølmo at uniformene også er modne for utskifting, og at Sparebankstiftelsen DNB kunne vente seg ein søknad om pengar til dette.