Det tykte iallfall vertskapa på turisthyttene Spiterstulen og Glitterheim, da dei fekk høyre at ein gjeng lomsruss hadde døypt bilane sine «Spriterstulen» og «Klitterheim».

Venegjengen Svein Brennhaug, Sissel Eiesar, Sofie Frithjofsen, Maje Kjosbakken, Svanhild Kolden, Sunniva Kolstad, Kari Olstad, Silje Renate Plassen, Karoline I. Steinli, Oda Stensgård, Andrea Yttre og Elise Øyjordet er saman om dei to bilane og byter på kven som er med i kva for bil når dei er ute og rullar.

– Utruleg kreative og artige namn, tykte Knut Vole og Bodil Sandum Ovesen på høvesvis Glitterheim og Spiterstulen da dei trefte gjengen utanfor skulen ein efta.

At turisthyttene deira blir marknadsført med dei meir enn spenstige namna tykte dei var såpass løye at dei hadde med seg litt «stæsj» til russegjengen.

– Kos dykk i russetida, men ver forsiktige. Ikkje gjer noko ikkje vi ville gjort, skratta vertskapa på Glitterheim og Spiterstulen.