Gjendebåten på veg

Transporten av den nye Gjendebåten er i gang. Nå står båttransporten på Golsfjellet.
Nyheiter

Den nye Gjendebåten er nå i ferd med å fraktast tusen meter over havet frå Lærdal til Gjende.

Transporten av det 6 meter breie og 21 meter lange skroget og passasjersalongen starta frå Lærdal sundag kveld.

– Alt har gått knirkefritt så langt, skriv skipper Harald Rune Øvstedal på Facebook.

I morgontimane måndag vart transporten parkert på Golsfjellet. Måndag kveld startar siste etappe mot Gjende og Jotunheimen.


Snart kjem nybåten til Gjende

Den nye Gjendebåten er prøvekøyrt og testa på fjorden utanfor verftet i Ålesund. Denne veka blir båten demontert og gjort klar til å fraktast tusen meter over havet til Gjende.

 

Ved brygga på Gjende er det skore hol i isen for å sjøsetje båten når den kjem fram.

Gjendebåtane AS investerer 20 millionar kroner i den nye båten som 10. juni blir sett i trafikk på Gjende. Den nye båten har plass til 98 passasjerar.