– Vi ynskte å spandere mat og gjera stas på pensjonistane, rett og slett. Bygdekvinnelaget fyller 70 år i år, så det var litt av den grunn òg. Men sjølve jubileumsfeiringa skal vi ha seinare i haust, fortel Kari Ragnhildsløkken Teigen, leiar i laget.

40 pensjonistar kom til middagen på Nordal. Dei som ikkje var i stand til å koma seg dit sjølve, vart både henta og køyrt heim att.

– Solveig Vole, Erna Fjeld og Borgny Mundhjeld, som sat i festkomiteen, gjorde ein fantastisk god jobb. Pensjonistane tok oss i handa og takka for god mat og ein triveleg kveld da alt var over, fortel Kari.

Åste Sulheim Viken og Reidar Svare syrgde for musikalsk underhaldning med fin song.