Det var stor glede i fjor da Gåvefondet på Vågåheimen kjøpte to taxisyklar som dei gav til Frivilligsentralen og Vågåheimen.

Nå er det sesong for å sykle turar att. Fredag hadde Knut Erik Tessnes kurs og demonstrasjon for friviljuge sykkelpilotar til elsyklane.

Mange stilte opp for å lære korleis elsyklane fungerer, slik at dei kan ta med seg eldre og andre på sykkelturar i og rundt sentrum.

Inger Kari Sæta på Frivilligsentralen fortel at syklane også står til disposisjon for andre som vil ta med seg til dømes eldre foreldre på ein liten sykkeltur.

– Det er berre å ta kontakt, sa ho.