Da Fjuken var innom Marlo skule fredag var elevane i småskulen i full sving ute i skulegarden. Rivene gjekk som berre det, søppel vart plukka, og blomar vart planta i blomsterbedd. Storskulen har også gjort sin del av ryddinga.

Kvart klassetrinn på Marlo skule har hatt ansvar for kvart sitt område; klassene i småskulen på innsida av gjerdet, og klassene i storskulen utanfor gjerdet, og det blir riktig flott i Marlo til 17. mai - og i lang tid framover ...

Sjå bildeserie øvst i saka.