Russekrav Ungane i Lalm barnehage fekk nyte godt av russekravet da Tora Marie Hølmo, Maria Skogstad Isaksen og Kristin  Rustad kom for å spandere is.
(Foto: ARVE DANIELSEN)

Russekrav Ungane i Lalm barnehage fekk nyte godt av russekravet da Tora Marie Hølmo, Maria Skogstad Isaksen og Kristin  Rustad kom for å spandere is. Foto: ARVE DANIELSEN

– Kven vil ha is?

Jubelen var stor i Lalm barnehage da russen kom og spanderte is.

Russejentene  Kristin  Rustad, Maria Skogstad Isaksen og Tora Marie Hølmo frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom, fekk ei ekstra stjerne hjå ungane i Lalm barnehage torsdag. Trioen kom for å dele ut meir enn russekort. Jentene hadde med seg is dei spanderte på barnehageungane.

– Det er eit russekrav å spandere is og da var det triveleg å gjere det på Lalm. Vi er tre lalmingar i russebilen, sa Tora Marie Hølmo. Lalmsjentene Tora Marie, Maria og Guri Kleiven hadde med seg Kristin frå Skjåk for å dele ut isen på Lalm.

Etter at ungane i barnehagen hadde kosa seg med is ute i fem varmegrader, kunne russejentene feste ein legofigur i dusken som bevis på at dei har fullført russekravet.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Ta bussen til fjells

I sommar kan ein ta bussen til fjells i Gudbrandsdalen og Valdres.

Skårar høgt i NAF-test

Skeid Kro i Skjåk og Bakeriet i Lom får skryt av NAF.

Billettsystem på Gjendebåten

Ny båt og booking gjev nytt rekordår

Gjendebåten ligg an til ein ny rekordsesong. Ny båt og billettsystem har noko av æra. 

Taus lokalradio i Skjåk

Ottadalsradioen slit med signal i Lom og Skjåk.

Får ros av landbruks- og matministeren

Landbruks- og matdepartementet rosar utviklinga på Billingen Seterpensjonat og Brimi Sæter.

Promillekøyring i Lom

Ein danske hadde tatt seg «en lille en» og vart stoppa av politiet i Lom sentrum.

Funne i god behald

Mannen som har vore sakna på Sognefjellet, er funne i god behald av leitemannskapa.

Leiteaksjon på Sognefjellet

Ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, er meldt sakna. Mannskap frå røde kors hjelpekorps deltek i leitaksjonen.

20. plass i NM i motbakkeløp

Vegard Galaaen frå Bøverdalen stilte laurdag i sitt fyrste NM i motbakkeløp. Av 192 startande kom han på 20. plass.

Solid innsats i Valdresrittet

Tormod Weydahl frå Ottadalen sykkelklubb vann klasse junior elite i Valdresrittet laurdag.

Vann NM på heimebane

Olav Opsanger  vann sin sjuande NM-tittel i hanggliding som vart avslutta i Vågå laurdag.