Russejentene  Kristin  Rustad, Maria Skogstad Isaksen og Tora Marie Hølmo frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom, fekk ei ekstra stjerne hjå ungane i Lalm barnehage torsdag. Trioen kom for å dele ut meir enn russekort. Jentene hadde med seg is dei spanderte på barnehageungane.

– Det er eit russekrav å spandere is og da var det triveleg å gjere det på Lalm. Vi er tre lalmingar i russebilen, sa Tora Marie Hølmo. Lalmsjentene Tora Marie, Maria og Guri Kleiven hadde med seg Kristin frå Skjåk for å dele ut isen på Lalm.

Etter at ungane i barnehagen hadde kosa seg med is ute i fem varmegrader, kunne russejentene feste ein legofigur i dusken som bevis på at dei har fullført russekravet.