Etter at dei ordinære klassestafettane var unnagjort vart det gjennomført ein omvendt jaktstart i eit finaleheat. Klassevinnarane frå 6. klasse, 7. klasse og 8/9. klasse møttest i finalen.

Den yngste klassa fekk eit forsprang på den neste med dei sekunda dei var seinare i mål i den ordinære runda. Det vil seia at 6. klasse frå Vågåmo skule fekk eit forsprang på klassa som hadde tredje beste tid. Til slutt starta laget som hadde beste tid i innleiande runde.

Vagværane heldt unna i den omvendte jaktstarten og vann.

Fleire bilde og fullstendig resultatliste i papirutgåva.