Seterpris Brimi Sæter får heider og ære for drifta.
(Foto: Arve Danielsen)

Seterpris Brimi Sæter får heider og ære for drifta. Foto: Arve Danielsen

Pris til Brimi Sæter

Seterprisen blir delt ut på setra ved Tesse laurdag.

Brimi Sæter får Seterprisen 2017, som blir gjeve ut av Norsk seterkultur.

– Blant mange svært gode kandidatar valde juryen å gi Seterprisen 2017 til Brimi sæter i Lom, og utdelinga finn stad under Norsk seterkultur si fagsamling og årsmøte 13. og 14. mai. At utdelinga av prisen skjer akkurat på Brimi sæter er heilt tilfeldig, men ikkje mindre artig, seier Hans Bondal, leiar for juryen – og leiar i Norsk seterkultur.

«Brimi sæter er i dag ei mangfaldig verksemd, med servering og overnatting, ysteri og formidling av seterkultur. Og setra ber preg av dyktige og kreative drivarar, trygt forankra i tanken om å føre driftsform og tradisjonar vidare», står det i ei pressemelding frå Norsk seterkultur.

Formålet med prisen er at den skal vera ei påskjønning til eldsjeler som har gjort ein stor innsats for å setja seterdrifta i fokus. Prisen vil dermed vera med å skape blest på ein positiv måte, og bidra til å sikre eksistens og vidareutvikling av seterdrifta.

Prisvinnarar Hans og Ola Brimi får sterprisen 2017.
(Foto: Arve Danielsen)

Prisvinnarar Hans og Ola Brimi får sterprisen 2017. Foto: Arve Danielsen

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: