Dei fortel at 8. klasse ved Skjåk ungdomsskule skal arrangere loppemarknad laurdag 3. juni.

– Det er same helg som «Ståk i Skjåk», så da er det mykje folk i området frå før. Loppemarknaden skal gå føre seg i kantina på ungdomsskulen. Vi er interesserte i alt, med unnatak av brunevarer som fjernsyn, radioar og slikt. Men alt må vera heilt og reint. Det kan vera alt frå barneleiker til sko, klede, fløytemugger, tallerkener, reidskap eller andre ting det går an å få selt, fortel dei tre.

Det er 39 elevar i 8. klasse. Om to år, i 10. klasse, skal alle saman på skuletur til Oslo. Det er den turen dei sparar pengar til.

– Det skal vera ein både hyggeleg og lærerrik tur. Blant anna skal vi besøkje Stortinget, Vitensenteret og Nasjonalteateret, fortel dei tre.

Dersom du har klede, sko eller gjenstander å gje bort, skal dette leverast onsdag 31. mai eller torsdag 1. juni. Da er elevane på plass i kantina for å prise og setja varene på plass.